![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/0a/Nik%25C3%25A9_%25C3%2589ph%25C3%25A8se.jpg/640px-Nik%25C3%25A9_%25C3%2589ph%25C3%25A8se.jpg&w=640&q=50)
Gudinna Nike
From Wikipedia, the free encyclopedia
Nike (gresk Νίκη, 'Siger', uttalt nǐːkɛː) er sigersgudinna i gresk mytologi. I romersk mytologi blir denne gudinna kalla Victoria.[1]
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/9/9a/Nike_thymiaterion_Met_13.227.16.jpg/640px-Nike_thymiaterion_Met_13.227.16.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f4/Romerskt_bronsmynt_med_segergudinnan_Victoria_-_Skoklosters_slott_-_110664.tif/lossy-page1-640px-Romerskt_bronsmynt_med_segergudinnan_Victoria_-_Skoklosters_slott_-_110664.tif.jpg)
Gudinna Nike | |||
![]() | |||
Identifisert med | Victoria | ||
---|---|---|---|
Mor | Styx | ||
Far | Pallas i gresk mytologi |
Nike er ein allegorisk personifikasjon av siger. Dette gjeld ikkje berre den blodige sigeren i krig, men òg den fredelege sigeren i greske tevlingar og elles i alle typar suksess ein kunne vinna.
Ifølgje Hesiod var Nike dotter av elvegudinna Styx og titanen Pallas.[2][3] Ho blei ofte kopla til dei sigersgjevande gudane Zevs og Atene, og kultbilda deira har ofte ein Nike-statue med venger. Etterkvart kom ho til å smeltast ihop med Atene til Atene Nike, som Atene Nike-templet i Aten var tileigna. Der var kultbida av Atene utan venger, bortsett frå Nike-figurane på marmorbalustraden, der ein mellom anna finn den kjende ‘Nike som rettar på sandalen’.[4]
I biletkunsten blir sigersgudinna framstilt som ein blømande, kraftfullt skapt jomfru i fotside, flagrande klede. Ho har vanlegvis venger, og har ofte sigersteikn som krans og palmekvist i handa, eller ein fanfaretrompet som forkynner sigersbodskapen. Av og til blir ho òg vist i ei triumfvogn og der ho sjølv køyrer spannet. Ho er òg blitt avbilda i skriftrullar frå det eldgamle biblioteket i Alexandria.
Nikestatuer var eit populært motiv i gresk kunst. Nike frå Samothráki er truleg det best kjende dømet. Nike frå Dílos av Arkhermos høyrer til dei eldste døma. Ein annan, meir kjend statue er Paionios Nike.[5]