Grassongarar
familie av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Grassongarar er ein biologisk familie av små sporvefuglar, ei gruppe på rundt 145 songarar som hovudsakleg lever i varmare og sørlege delar av «den gamle verda».
Grassongarar | |
Gyllengrassongar, Cisticola exilis Foto: Sudhir Shivaram | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Grassongarar Cisticolidae Sundevall, 1872 |
Denne familien stammar truleg frå Afrika der ein finn dei fleste artane, men det lever representantar for familien på tvers av tropisk Asia inn i Australasia, og ein art, cistussongar, hekkar til og med i Europa.
Desse er generelt mykje små, lite iaugefallande fuglar i dominerande brun eller grå farge. Ein finn grassongarar i ope landskap som grassletter eller krattskog. Dei er ofte vanskelege å observere, og mange artar er mykje like i utsjånad, derfor er ofte songen beste nøkkelen til identifisering.
Dette er insektetande fuglar som hekkar lågt i vegetasjonen.
Utanom den største slekta Cisticola av grassongarar og cistussongarar, samlar familien 25 andre slekter, mellom anna jeriar, apalisar, smettsongarar, priniaer, skredderfuglar og eremomelaer.
Grassongarar er ofte inkludert i songarfamilien, Sylviidae.