From Wikipedia, the free encyclopedia
Gjensidig forståing er ein slik nærleik mellom to eller fleire språk eller dialektar at talarane av dei kan forstå einannan utan å anstrengje seg eller få ytterlegare opplæring.[1] Den gjensidige forståinga kan vere asymmetrisk når brukarar av det eine språket kan forstå brukarar av det andre lettare enn omvendt.[2] Saman med ei rekkje sosiolingvistiske faktorar er den gjensidige forståinga eit av kriteria som tillèt å skilje mellom eit språk og ein dialekt.[3] Ho kan vere avgrensa til skriftspråket som i portugisisk og spansk – sjølv om skriftlege standardmålformer av desse to språka er veldig like, møter munnleg komunikasjon vanskar på grunn av forskjellige fonetiske system.[4] Indre utviklingar i laupet av språkhistoria kan òg hindre ho som i dansk og svensk, som tillét mykje høgare grad av gjensidig forståing i mellomalderen i forhold til situasjonen i dag.[5] Den gjensidige forståinga opptrer mellom mange språk i verda og er ofte knytt til eit dialektkontinuum mellom dei.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.