From Wikipedia, the free encyclopedia
Gilgit-Baltistan, tidlegare Nordområda eller Federally Administered Northern Areas (FANA), er det nordlegaste området i pakistansk Kashmir og Pakistan. Det grensar til Afghanistan i nord, Kina i nordaust og indisk Kashmir i søraust.
Gilgit-Baltistan | |||
گلگت بلتستان | |||
provins | |||
Land | Pakistan | ||
---|---|---|---|
Del av | Pakistansk Kashmir | ||
Areal | 72 971 km² | ||
Folketal | 1 155 755 (2011) | ||
Grunnlagd | 1. juli 1970 | ||
Gilgit-Baltistan 35.35°N 75.9°E | |||
Kart som viser Gilgit-Baltistan.
| |||
Wikimedia Commons: Gilgit-Baltistan | |||
Hovudstaden i det lite folkesette området er Gilgit, som har 10 414 innbyggjarar (1. januar 2007). Skardu er ein annan viktig by. Før delinga av Kashmir var Baltistan ein del av provinsen Ladakh, og Skardu var vinterhovudstad i provinsen.
Regionen omfattar den vestlege delen av Himalaya, og ein finn høge fjell som Nanga Parbat, Shaigiri og fleire andre fjelltoppar i Rupaldalen. Indus renn inn i området frå Ladakh i indisk Kashmir og fortset gjennom Gilgit-Baltistan og resten av Pakistan. Karakoramvegen bind saman territoriet med Xinjiang i Kina, og er ein turistattraksjon i seg sjølv.
Fleire regionale språk blir tala her, som dei dardiske shina og khowar, austiranske wakhi, tibetanske balti og det isolerte språket burusjaskisk.
Statusen til Gilgit-Baltistan er omstridd. Området er del av den tidlegare fyrstestaten Kashmir, men kom under pakistansk kontroll i 1947. Dette blir feira som ein frigjeringsdag i Pakistan.[1] Gilgit-Baltistan United Movement har gjennom mange år kjempa for eit sjølvstyrande Gilgit-Baltistan,[2] medan Balawaristan National Front kjempar for sjølvstende.[3]
Fram til 2009 var området kjend som «Nordområda» (Northern Areas) og styrt direkte frå Islamabad. Frå 2009 har Gilgit-Baltistan hatt eigen guvernør og rettssystem, lik dei andre provinsane i Pakistan, men utan å ha status som provins. Endringane er kontroversielle elles i Kashmir og i India, ettersom ei de facto-innlemming av Gilgit-Baltistan i Pakistan vil vera til hinder for eit sjølvstendig og/eller udelt Kashmir.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.