From Wikipedia, the free encyclopedia
George Stuart Robertson (fødd 25. mai 1872 i London, død 29. januar 1967 i London) var ein britisk friidrettsutøvar og tennisspelar.
Medaljeoversikt | ||
---|---|---|
Tevla for eit blanda lag | ||
Tennis | ||
Bronse | Sommar-OL 1896 | Dobbel |
Robertson vart utdanna ved New College[1] i Oxford, der han hadde vunne Gaisford Prize for greske vers i 1894 og Oxford Blue for hammarkast.
Han betalte elleve pund for å reise til Aten for å delta i sommar-OL 1896. Sidan hammarkasting ikkje var ei olympisk grein prøvde han kulestøyt og diskos i staden for.[2]
I diskos enda han på fjerdeplass med eit kast på 25,20 meter. Dette er det svakaste resultatet i diskos under OL nokon gong.[2] I tennis singel vart Robertson slått ut i fyrste runde. I tennis dobbel samarbeida han med australske Edwin Flack. Dei vann bronse for blanda lag.[3] Robertson hadde forfatta ein ode på gamalgresk som han deklamerte under avslutningsseremonien.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.