George Gamow
sovjetisk–amerikansk teoretisk fysikar og kosmolog / From Wikipedia, the free encyclopedia
George Gamow (fødd Georgij Antonovitsj Gamov, fødd 4. mars 1904 i Odessa, død 19. august 1968) var ein sovjetisk–amerikansk teoretisk fysikar og kosmolog.
Gamow studerte ved Universitetet i Leningrad og fekk sin doktorgrad i 1928. Han var ei tid på ulike fysikkinstitusjonar i Vest-Europa, særleg i København etter invitasjon frå Niels Bohr i 1931, før han vart kalla tilbake til Sovjetunionen og ei stilling ved Det sovjetiske vitskapsakademiet i Leningrad. Under eit besøk på Solvay-konferansen i Brussel i 1933 hoppa han av til vesten, og flytta til USA i 1934, der han fekk eit professorat ved George Washington University. Frå 1956 arbeidde han som professor ved University of Colorado.[1]
Gamow jobba først innan kjernefysikk, og utvikla teoriar for alfahenfall og betahenfall. Han deltok òg i Manhattanprosjektet og utviklinga av atomvåpen og utviklinga av ei hydrogenbombe.[1]
Innan kosmologi via Gamow seg til strukturen til stjernene og evolusjon, og utvikla saman med Ralph Alphen ein teori for den relative førekomsten til grunnstoffa (og presenterte det i Hans Bethes namn, og at han hadde bidrege til teorien, slik at han kunne bli kalla Alpha-Bethe-Gamow-teorien).[1]