Geologisk museum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Geologisk og paleontologisk museum vart oppretta i 1917 og er ein del av Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Museet vart til på initiativ frå geologiprofessor Waldemar Christopher Brøgger, og publikum fekk tilgang til utstillingane frå 1920. Då bygginga av nybygget til museet på Tøyen vart starta i 1911, var det 100 år etter at mineralsamlinga ved Bergseminaret på Kongsberg vart overført til det nye universitetet.
Bygninga er teikna av Holger Sinding-Larsen.[1]
Museet har ansvar for den vitskapelege samlinga til universitetet av bergartar, mineral og paleontologiske materiale. Museet husar òg eit forskingsbibliotek innanfor geologi.
Museet er opent for publikum parallelt med Zoologisk museum i nabobygget. Dei to musea ligg i monumentale, nasjonalromantiske steinbygningar i Botanisk hage på Tøyen i Oslo.