Botanisk hage i Oslo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Foto: Helge Høifødt
Botanisk hage ligg på Tøyen i Oslo. Den har eit areal på 150 mål, med rundt 45 000 plantar, delt på 7 500 artar frå ulike delar av verda.[1] Da hagen vart skipa i 1814 hadde den 75 mål som låg rundt Tøyen hovudgard.
Botanisk hage er seinare dobla i storleik. Området er delt i tema som systematisk avdeling, nytteveksthage, fjellhage og arboret. Føremålet med hagen er å gje kunnskap om mangfaldet i planteriket og om korleis ein tek vare på dette mangfaldet. Plantar som er truga eller sårbare i norsk natur blir tatt vare på i Botanisk hage. Dei to utstillingsveksthusa Palmehuset og Victoriahuset er ein del av Botanisk hage.