Gaupne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 1 282 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden.
Gaupne | |||
stad | |||
Gaupne inst i fjorden Foto: G.Lantig | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Areal | 1,49 km² | ||
Folketal | 1 282 (2023) | ||
Folketettleik | 860 / km² | ||
Postnummer | 6868 GAUPNE | ||
Innbyggjarnamn | gopning [1] | ||
Preposisjon | i Gaupne | ||
Gaupne 61.408055555556°N 7.2855555555556°E / 61.408055555556; 7.2855555555556 | |||
Wikimedia Commons: Gaupne | |||
Her ligg Gaupne gamle kyrkje og Gaupne kyrkje og skulane Luster ungdomsskule og barneskulen Gaupne skule.
Gaupne er òg namnet på eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Det er to kyrkjer i soknet, Gaupne kyrkje frå 1907 og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650. Gamlekyrkja er sidan 1909 i eiga til Fortidsminneforeninga medan Gaupne kyrkje er soknekyrkje. Fram til 1967 høyrde Gaupne sokn til Luster prestegjeld, då vart det overført til Jostedal prestegjeld.[2]
Namnet Gaupne kjem frå gamalnorsk gaupn som tyder 'hol hand, neve'. I fylgje Oluf Rygh si tolking var namnet opphavleg brukt om fjorden. Ei anna tolking er at namnet kom av at bygda ligg i ei senking mellom tre høgder.[1]