G
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bokstaven G er den sjuande bokstaven i det latinske alfabetet. På norsk representerer han ein dorsal lyd som vert uttalt ved at tungeryggen møter ganen.
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/8/85/RomanG-01.png)
Bokstaven er opphavleg same teikn som C. Hos romarane gjekk C, som på gresk vart uttalt g, over til å bli teikn for ein k-lyd, og romarane skapte då den nye bokstaven G. Medan den eldre runerekka har eit eige teikn for g, har den yngre berre eitt teikn for g og k.
Uttalen av g er forskjellig i ulike språk. Han vert uttalt som sj [ʒ] føre i, y og e på fransk, som stemt dsj [dʒ] føre dei same vokalane på engelsk og føre i og e på italiensk, som x føre i og e på spansk. På norsk er g stum føre j, til dømes i gjere. Han blir uttalt som j føre ei og i i opphavlege norske ord, til dømes i geip, gi, men som g i opphavlege framande ord, til dømes geistleg. Føre e og i i opphavlege framande ord vert bokstaven dels uttalt som g, til dømes general, dels som ustemt sj [ ʃ ], til dømes generøs, dels som dsj [dʒ], til dømes gentleman, alt etter kva språk ordet stammar frå. Føre y vert g som oftast uttalt som j, men i somme framande ord som g.