Friidrett under Sommar-OL 1972
From Wikipedia, the free encyclopedia
Friidrettsøvingane under Sommar-OL 1972 i München vart avvikla i tida 31. august til 10. september 1972. Det vart tevla i 38 øvingar, 24 for menn og 14 for kvinner. 1500 meter og 4 x 400 meter stafett var heilt nye øvingar for kvinnene, medan 100 meter hekk kom i staden for 80 meter hekk. 1324 utøvarar frå 104 land deltok i tevlingane. Tevlingane fann stad på og ved det nybygde Olympiastadion, eit anlegg som den gongen tok mot 80 000 tilskodarar.
Friidrettstevlingane baud på ein stor rekordfest, heile 13 nye verdsrekordar såg dagens lys. Austtyske Renate Stecher sette verdsrekord både på 100 m og 200 m med høvesvis 11,07 sekundar og 22,40 sekundar. Landskvinna Annelie Ehrhardt forbetra verdsrekorden på 100 m hekk til 12,59, medan Ljudmila Bragina frå Sovjetunionen med 4.01,8 knuste verdsrekorden på 1500 m. Kvinnelaga til Vest-Tyskland på 4x100 m stafett og Aust-Tyskland på 4x400 m stafett forbetra rekordane til 42,81 sekundar og 3.22,9 minuttar. Sovjetiske Nadesjda Tsjisjova vart med 21,03 m den fyrste kvinna over 21 meter i kulestøyt. 16-åringen Ulrike Meyfarth frå Vest-Tyskland tangerte med 1,92 m høgdehopp-rekorden for kvinner.
Mennene stod for fem verdsrekordar. Lasse Virén frå Finland forbetra mil-rekorden med eitt sekund til 27,38,3, og det etter eit fall tidleg i løpet. Begge hekkerekordane vart flytta på; Rod Milburn frå USA fekk noterte 13,24 sekundar på korthekken, medan John Akii-Bua frå Uganda imponerte med 47,82 sekundar på langhekken. Med 38,19 sekundar pynta USA på verdsrekorden på 4x100 m stafett for menn. Mykola Avilov som representerte Sovjetunionen oppnådde 8 454 poeng i tikampen.