From Wikipedia, the free encyclopedia
Annelie Ehrhardt (fødd Annelie Jahns, 18. juni 1950) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Ohrsleben i Sachsen-Anhalt, som tevla for Aust-Tyskland på 100 meter hekk. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1972 og europameister i 1974.
Annelie Ehrhardt | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 18. juni 1950 (74 år) Hötensleben |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1972 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i sølv |
Annelie Jahns vart europameister for juniorar i 1960. I 1970 sette ho personleg rekord på 100 m hekk på 12,90, ei tid heilt opp med verdstoppen. Året etter forbetra ho seg, som Annelie Ehrhardt, til 12,7, einast landsmannen Karin Balzer hadde betre tid. Ehrhardt deltok i europameisterskapen 1971 i Helsingfors og tok sølvmedaljen, Karin Balzer vann gullet.
I OL-sesongen 1972 dominerte Ehrhardt øvinga og forbetra verdsrekorden to gongar. Den siste sette ho under sommar-OL i München. Med tida 12,59 sekundar var ho fullstendig suveren, sølvvinnaren Valeria Bufanu frå Romania fekk notert 12,84. I friidretts-EM 1974 sikra Ehrhardt seg gullmedaljen på tida 12,66.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.