![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/51/Mt_temptation_1910.jpg/640px-Mt_temptation_1910.jpg&w=640&q=50)
Freistingsfjellet
From Wikipedia, the free encyclopedia
Freistingsfjellet er sagt å vere fjellet i Judeaørkenen der Jesus var freista av djevelen (Matteus 4,8). Det eigentlege fjellet er ukjend og umogeleg å avgjere. Det vert likevel generelt rekna for å vere Quarantania, eit fjell som er 366 meter høgt, og ligg 11 km nordvest for Jeriko på Vestbreidda.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/63/Jerico3.jpg/640px-Jerico3.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/51/Mt_temptation_1910.jpg/640px-Mt_temptation_1910.jpg)
På fjellet ligg det gresk-ortodokse Freistingsfjellet kloster eller «Qarantal». Oppom Qarantal, på toppen av klippa, står ein mur, som er ruinane etter ei hashemoneisk festning kalla Dok – Dagon.
I 1998 vart det bygde ein 1300 meter lang kabelvogn frå Tel Sultan i Jeriko til klosteret som ein turistattraksjon.[1]