From Wikipedia, the free encyclopedia
Fossil energi eller fossilt brensel er hydrokarbonhaldige stoff som kol, olje og naturgass. Dei finst i jordskorpa, og blir utvunne som ei kjelde til energi ved forbrenning, og som råstoff for blant anna plastproduksjon. Utnyttinga av fossilt brensel har bidratt sterkt til den industrielle utviklinga. Petroleum er ei fellesnemning for olje og naturgass. Fossilt brensel er altså petroleum og kol.
Når elektrisitet blir danna frå forbrenning av fossilt brensel blir ofte ein turbin bruka. I gamle turbinar vart ofte damp frå forbrenninga bruka til drive turbinen, i nyare turbinar blir dei drivne av avgassane frå forbrenninga.
Med global modernisering i det 20. og 21. hundreåret har energibehovet (spesielt behovet for bensin som blir utvunnen frå olje) vore årsaka til mange regionale og globale konfliktar. Over heile verda prøver ein no å ta i bruk meir fornybar energi for å møte dei auka globale energibehova.
Forbrenninga av fossilt brensel er den største kjelda til karbondioksidutslepp (CO2) som er ein av drivhusgassane som skapar global oppvarming. Ein liten del av hydrokarbonbasert brensel er bioenergi (biobrensel).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.