![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5c/Foreigner_-_Wacken_Open_Air_2016-AL0977_%2528cropped%2529.jpg/640px-Foreigner_-_Wacken_Open_Air_2016-AL0977_%2528cropped%2529.jpg&w=640&q=50)
Foreigner
britisk/amerikansk rockeband / From Wikipedia, the free encyclopedia
Foreigner er eit britisk-amerikansk rockeband, opphavleg skipa i New York City og London i 1976 av den erfarne engelske musikaren og tidlegare Spooky Tooth-medlemmet Mick Jones, og briten og tidlegare King Crimson-medlem Ian McDonald i lag med den amerikanske vokalisten Lou Gramm.
Foreigner | |||
![]() Foreigner med nyare og tidlegare medlemmar i 2017 | |||
Opphav | New York City i USA. London i England | ||
---|---|---|---|
Aktiv | Sidan 1976 | ||
Sjanger | |||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap |
| ||
Medlemmer |
| ||
Tidlegare medlemmer |
|
Jones kom opp med bandnamnet då han, McDonald og Dennis Elliott var britiske, medan Gramm, Al Greenwood og Ed Gagliardi var amerikanske.[2][3] Den største hitsingelen deira, «I Want to Know What Love Is», toppa listene i både Storbritannia og USA og fleire andre land. Blant dei andre hitsingalne deira finn ein «Waiting for a Girl Like You», som nådde andreplassen i USA. Bandet er eit av dei bestseljande gjennom tidene og har selt meir enn 80 millionar plater,[4] inkludert 37,5 millionar plater i USA.[5]
Dei noverande medlemmane er Kelly Hansen (solovokal og perkusjon); Mick Jones (solo- og rytmegitar, klaverinstrument, kor- og solovokal); Thom Gimbel (rytmegitar, klaverinstrument, korvokal, saksofon og fløyte); Jeff Pilson (bass og korvokal); Michael Bluestein (klaverinstrument og korvokal); Bruce Watson (solo- og rytmegitar, korvokal); og Chris Frazier (trommer og perkusjon).