amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Lou Gramm (fødd 2. mai 1950) er ein USA-amerikansk rockesongar og låtskrivar, mest kjend som opphavleg songar i rockebandet Foreigner. Etter å ha blitt kjend i Foreigner, hadde Lou Gramm òg ein suksessrik solokarriere i 1980-åra.
Lou Gramm | |||
Gramm i 2007. | |||
Fødd | 2. mai 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rochester i New York i USA | ||
Fødenamn | Louis Andrew Grammatico | ||
Alias | Lou Gramm | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1967 | ||
Sjanger | |||
Instrument | Vokal | ||
Tilknytte artistar | Foreigner Shadow King Black Sheep | ||
Plateselskap | Atlantic, Westwood One | ||
Verka som |
| ||
Prisar | Songwriters Hall of Fame |
Gramm var første trommeslagar i bandet Black Sheep, men tok over på solovokal før gruppa gav ut det sjølvoppkalla albumet sitt i 1975 på Capitol Records. Verken dette albumet eller oppfølgjaren, Encouraging Words, selde særleg godt, men det fanga merksemda til gitaristen Mick Jones, som var mest kjend for ein periode i bandet Spooky Tooth. Jones henta kort tid etter Gramm til den nye gruppa si, Foreigner, og i lag byrja dei å skrive songar, mellom andre «Cold as Ice» frå et bestseljande og sjølvoppkalla debutalbumet frå 1977. Den mektige og særeigne røysta til Gramm var å høyre på ei rekkje hittar for Foreigner dei neste åra, som «Hot Blooded», «Double Vision», «Urgent», og «Waiting for a Girl Like You». Hittane kulminerte i 1984 med den populære powerballaden «I Want to Know What Love Is», som gjekk til topps i Amerika, Noreg, Sverige, New Zealand og Storbritannia.
Då Foreigner tok ein kort pause, lanserte Gramm solokarrieren sin i 1987 med albumet Ready or Not og fekk ein stor hit med «Midnight Blue». Foreigner kom saman att og spelte inn nok ein bestseljar, Inside Information, medan Gramm fortsette solokarrieren sin i 1989 med Long Hard Look og slutta etter kort tid for å skipe sitt eige band, Shadow King. Dei gav ut eit sjølvoppkalla debutalbum i 1991 på Virgin Records. Shadow King vart kortvarig og i 1994 kom Gramm og Jones saman att i Foreigner og gav ut Mr. Moonlight.
Mot slutten av tiåret fekk Gramm påvist ein hjernesvulst og måtte operere. Etter eit år med rehabilitering og strålebehandling vart songaren heilt frisk att og kunne fortsette å turnere i 1999. Han gav seg i Foreigner igjen i 2003 og fokuserte i staden på solokarrieren.
Tittel | Detaljar | Plassering | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
U.S. [1] |
CAN [2] |
AUS | |||||||
Ready or Not |
|
27 | 24 | 34 | |||||
Long Hard Look |
|
85 | 44 | 47 | |||||
Lou Gramm Band |
|
— | — | ||||||
My Baby |
|
— | — | ||||||
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista |
År | Song | U.S. Hot 100 | U.S. MSR | U.S. A.C. | UK-singlar | Dutch-singlar | AUS | Album |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1987 | «Midnight Blue» | 5 | 1 | - | 82 | 29 | 8 | Ready or Not |
1987 | «Ready or Not» | 54 | 7 | - | - | - | 97 | Ready or Not |
1989 | «Just Between You and Me» | 6 | 4 | 4 | - | - | 24 | Long Hard Look |
1989 | «True Blue Love» | 40 | 23 | - | - | - | 98 | Long Hard Look |
(Note: These are actually releases of much older recordings.)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.