From Wikipedia, the free encyclopedia
Forbøn er bøn til Gud på vegnar av andre enn seg sjølv.
Kristendommen |
Treeininga |
Gud Fader | Jesus | Den heilage ande | |
Skrifter |
Utøving |
Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat | sakrament |
Retningar |
Anglikansk | ortodoks | katolsk | luthersk | presbyteriansk | |
Livssyklus |
Merkedagar |
Kyrkjeåret: Advent | jul | faste | påske | pinse | olsok | hausttakkefest | helgemesse |
Viktige personar |
Nye testamentet: |
Geistlege |
|
Abrahamittiske rel. |
Jødedom kristendom |
islam bahá’í sikhisme |
Forbøna inngår som ein fast del av liturgien i den kristne gudstenesta. I Den norske kyrkja er det utarbeidd ei rad ulike bøneformuleringar som omfattar private og offentlege spørsmål , både på lokalt, nasjonalt og globalt nivå. I gudstenesta kan kyrkjelyden òg verte oppmoda om å gå i forbøn for spesielle saker eller einskildmenneske.
I katolsk og ortodoks kristendom lærer ein at ein helgen kan gå i forbøn for dei levande, og at vi kan be helgenar gå i forbøn for oss. Med referanse til Jakobs brev lærer ein at bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.[1] Vidare lærer ein at dei heilage i himmelen er betre plassert enn levande menneske til å gjere dette, sidan dei ikkje er opptekne med jordiske syslar.[2]
I følgje Bibelen går Jesus i forbøn for menneske som kjem til Gud ved han, [3] dessutan kan Den heilage ande gå i forbøn for makteslause menneske. [4]
Kristne vert òg oppmode om å be for alle andre menneske, [5] og ein kan, som i Hebrearbrevet, be andre om deira forbøn.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.