![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/86/Gray190.png/640px-Gray190.png&w=640&q=50)
Foramen infraorbitale
From Wikipedia, the free encyclopedia
Foramen infraorbitale (IOF) er ein foramen i overkjevebeinet i hovudskallen som ligg under nedre orbitarand (IOM) i augehola. Gjennom denne kjem a. infraorbitalis, v. infraorbitalis og n. infraorbitalis, som er utgreiningar av overkjevedelen (CN V2) av trillingnerva (CN V). Distansen mellom IOF og IOM varierer frå 6,10—10,9 mm.[1] Foramen infraorbitale formar den ytre enden av c. infraorbitalis og kommuniserar med s. infraorbitalis maxillae, kanalen si opning på den indre sida.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/86/Gray190.png/320px-Gray190.png)
Ramifikasjonane av dei tre hovudforgreininga av trillingnerva, ved foramen supraorbitale, infraorbitale og mentale, er fordelt langs ei vertikal linje og passerer gjennom midten av pupillen. Foramen infraorbitale blir brukt som eit trykkpunkt for å teste følsemda til n. infraorbitalis.[2] Palpering av foramen infraorbitale ved ekstraoral undersøking eller ved administrering av lokalbedøving fører til sårheit i området.[3]