![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/eb/Greater_sciatic_foramen.png/640px-Greater_sciatic_foramen.png&w=640&q=50)
Foramen
Wikimedia-fleirtydingsside / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein foramen (pl. foramina) er i anatomien ei nemning som blir bruka om ei naturleg opning.[1] Foramina i menneskekroppen verkar som ei opning der musklar, nervar, arteriar, vener og andre strukturar passerer for å kople ein kroppsdel til ein annan.
- Må ikkje forvekslast med foraminiferar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/eb/Greater_sciatic_foramen.png/320px-Greater_sciatic_foramen.png)
I hovudskallen hjå ryggbeinsdyr finn ein ei rekkje foramina, mellom anna foramen magnum. Foramina finn ein òg i ryggvirvlane i ryggsøyla, såkalla intervertebralforamina, som dannar ein kanal frå golvet til taket av knokkelen, der mellom anna ryggmergen passerer.
Døme på andre foramina er:
- foramen apicis dentis, holet øvst på tannrota
- foramen ovale i hjarta, eit hol mellom dei venøse og arterielle sidene av fosterhjarta
- foramen transversarium, ein av to opningar i ryggvirvlane der den djupe halsarterien passerer
- den store sittebeinsopninga (foramen ischiadicum majus), ein stor foramen i bekkenet
- foramen interventriculare primarium, i embryologien ein kortvarig opning mellom ventriklane i hjarta
- foramen interventriculare, kanalar som koplar ventriklane i hjernen
- den vesle sittebeinsopninga (foramen ischiadicum minus), ein opning mellom bekkenet og det bakre lårbeinet
- foramen obturatum, holet som blir danna av sittebeinet og underlivsbeinet i bekkenet
- sakralforamina, som perforerar virvelkanalen frå korsbeinet, og der sakralnervane passerer