Flaggstat er den statsmakt som eit kommersielt skip (handelsskip) offisielt seglar under. Flaggstaten er styresmakta som har autoritet og ansvaret til å gjennomføra reguleringar over skip og fartøy som er registrert under flagget deira. Det inneber inspeksjon, sertifisering og utferding av til tryggleiks- og antiforureiningsdokument.[1] Alle sjøfartøy må registrerast i ein flaggstat og følgja tryggleiksreglane i landet. I nyare tid har det vorte meir vanleg å registrera skip i «opne register» under såkalla framandflagg, til dømes i Panama og Caymanøyane, mellom anna av skattemotiverte årsaker.

Skip vert først og fremst identifisert gjennom eit nasjonalitetsbevis, men òg gjennom kjenningssignal. Beviset, som vert utskrive av skipsregisterføraren straks skipet er registrert, skal innehalda opplysningar om namnet på skipet, kjenningssignal, byggestad og -år, heimstad og dessutan namnet til eigaren og adresse.[2]

Framandflagg er eit flagg tilhøyrande eit land som vert nytta på skip med eigar/eigarar frå eit anna land. Skipseigaren kan på den måten unngå høge skattar i heimlandet og òg gjera skipsregistreringa enklare. Landet som stiller flagget til disposisjon tek betalt for tenesta, og i nokre mindre land er denne betalinga ei viktig inntektskjelde. Nytte av framandflagg for å unngå internasjonale forpliktingar er ei utfordring i arbeidet med få bukt med ulovleg, urapportert og uregulert fiske.[3]

Panama er per 2015 den største flaggstaten i verda kor bortimot ein fjerdedel av den havgåande tonnasjen i verda er registrert der. På andreplass er Liberia.[4]

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.