planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Fjellpryd (Diapensia lapponica) er ein planteart i fjellprydfamilien. Han er ein lågtveksande, puteforma dvergbusk med sirkumpolar utbreiing.[1]
Fjellpryd | |
Fjellpryd | |
Status | |
Status i Noreg: Nær truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Fjellprydfamilien Diapensiaceae |
Slekt: | Diapensia |
Art: | Fjellpryd D. lapponica |
Vitskapleg namn | |
Diapensia lapponica |
Fjellpryd er ein låg (til 5 cm), tett tuva fjellplante med svært tettsitjande, lêraktige blad. Blada er spatelforma og boga. Om vinteren blir dei mørkeraude. Blomane er klokkeforma, radiærsymmetriske og femtalige. Dei er ganske store, 8–16 mm. Fargen er gulkvit. Blomstringa er ofte tidleg slik at ho ikkje blir lagd merke til av fjellvandrarar. Frukta er ein kapsel med tre rom og mange små frø. Ein har tradisjonelt skilt mellom to underarter, ssp. lapponica i den amerikanske og europeiske bestanden, og ssp. obovata med litt større og meir langskafta blad i den asiatiske bestanden. Den siste er no gjerne skild ut til ein eigen art, D. obovata.[2]
Fjellpryd veks sirkumpolart i Nord-Amerika, Nord-Europa og austlege Asia. Ein finn han på vindutsette stader som hovudsakleg er snøfrie.[1] I Noreg er han vanleg på rabbar i fjellet opp til 1600 m frå Jotunheimen og nordover. Sør for Jotunheimen er det berre nokre spreidde førekomstar.
Fjellpryd er rekna som nær truga i Norsk raudliste for 2021.[3] Det er mykje som tyder på at fjellpryd krever mykje kulde for å setja frø og at det kan gå mange år mellom kvar gong dette skjer. Undersøkingar frå svensk Lappland tyder på at det ikkje har skjedd noka nyetablering av plantar over ein femårsperiode. Derfor er det grunn til å tru at fjellpryd kan vera utsett for temperaturstiging.[4]
Entusiastar freistar frå tid til annan å dyrka fjellpryd, men dette blir sett på som svært vanskeleg. Planten trivst dårleg med varmen i låglandet.[5][6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.