Fitjar kommune
kommune i Vestland fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Fitjar (uttale (IPA) ["ficça]) er ein kommune i Vestland fylke, i Sunnhordland. Størstedelen av kommunen ligg på øya Stord, der kommunen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. I tillegg til Stord er mange øyar ut mot Selbjørnsfjorden ein del av øykommunen Fitjar.
- «Fitjar» omdirigerer hit. For administrasjonssenteret i kommunen, sjå Fitjar sentrum.
Fitjar kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Fitjar | ||
Areal | 142,46 km² | ||
• land | 134,48 km² | ||
• vatn | 7,98 km² | ||
Folketal | 3 203 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Harald Rydland (KrF) | ||
Kommunenr. | 4615 | ||
Fitjar kommune 59.918888888889°N 5.3713888888889°E / 59.918888888889; 5.3713888888889 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Fitjar | |||
Nettstad: www.fitjar.kommune.no | |||
Fitjar vart eigen heradskommune i 1860. Etter 1964 grensar kommunen i sør og søraust til Stord, i aust og nord til Tysnes, i nordvest mot Austevoll og i sørvest og sør til Bømlo. Før 1964 høyrde også søraustsida av øya Selbjørn og Huftarøy til Fitjar. Fram til 1898 var kommunenamnet Fitje.
Fitjar var i lange tider ein kongsgard og truleg eit høvdingsete sidan bronsealderen, og i dag er staden kanskje mest kjend for slaget på Fitjar. Sogespelet Kongen med Gullhjelmen eller Håkonarspelet er eit spel til minne om kong Håkon I den gode og slaget. Kva år slaget stod, er ein ikkje viss på, men ein reknar at det var anten i år 959, 960 eller 961. Håkonarparken ligg i Fitjar med ein statue av Håkon den gode. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen og vart avduka av kong Olav V i 1961 under 1000-årsjubileet for slaget på Fitjar.