Austevoll kommune
kommune i Vestland fylke i Noreg / From Wikipedia, the free encyclopedia
Austevoll er ein øykommune vest i Vestland fylke. Kommunen ligg i Midhordland, ut mot Nordsjøen, og er elles omgjeve av kommunane Sund i nord, Os i nordaust, Tysnes i aust, og Fitjar og Bømlo i sør. Kommunen består av 667 store og små øyar, og har eit samla areal på 117,2[1] km², og ei strandline på 337 km. Kommunen har 4 680 innbyggjarar pr. januar 2011[2].
Austevoll kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Storebø | ||
Areal | 117,19 km² | ||
• land | 114,24 km² | ||
• vatn | 2,95 km² | ||
Folketal | 5 300 (1. januar 2024) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Morten Storebø (H) | ||
Kommunenr. | 4625 | ||
![]() Austevoll kommune 60.037777777778°N 5.2683333333333°E / 60.037777777778; 5.2683333333333 | |||
Wikimedia Commons: Austevoll | |||
Nettstad: www.austevoll.kommune.no | |||
I generasjonar har fiskeri vore den største næringa i kommunen. Sidan 1980-talet har det vore stor vekst innanfor havbruksnæringa, og kommunen vert i dag rekna for landets største innan oppdrett av laks. Offshorenæringa er også viktig for kommunen og det største offshorereiarlaget i Noreg, DOF ASA, [3] er heimehøyrande i Austevoll. Totalt tre børsnoterte selskap har hovudkontorene sine på Storebø i Austevoll, desse er reiarlaget DOF ASA, havbruksselskapet Austevoll Seafood ASA og verftsgruppa Bergen Group ASA.
Administrasjonssenteret i kommunen er Storebø, som også er den største bygda. Kommunen har vidaregåande skule, Austevoll vidaregåande skule, og ein maritim fagskule. Havforskningsinstituttet har ein forskingsstasjon i Austevoll.
I sør har kommunen ferjesamband frå Husavik til Sandvikvåg i Fitjar. Frå Hufthamar går det ferje nordover til Krokeide i Bergen kommune. Snøggbåten mellom Bergen og Sunnhordland anløper Hufthamar og Bekkjarvik.