Huftarøy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Huftarøy er den største øya i Austevoll kommune rekna etter både areal og innbyggjartal. Arealet er 50,4 kvadratkilometer og det bur ca. 3000 personar her.
Kjappe fakta Geografi, Administrasjon ...
Huftarøy | |
---|---|
Det nordlege Austevoll med Bjørnefjorden i bakgrunnen. Huftarøy strekkjer seg frå midten av biletet og mot høgre. | |
Geografi | |
Stad | Sunnhordland |
Koordinatar | 60°02′31″N 05°15′18″E
|
Areal | 50,4 km²
|
Høgaste punkt | Loddo (244 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Storebø (1658 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | ca. 3000 (2023) |
Folketettleik | 60 /km² |
Lukk
Øya ligg mellom Møkstrafjorden i vest, Bjørnafjorden i aust, Langenuen og Selbjørnsfjorden i sør og Korsfjorden i nord.
Nord på Huftarøy ligg kommunesenteret Storebø, med 1658 innbyggjarar (2023). Bygdene Kolbeinsvik og Vik ligg òg på Huftarøy.