From Wikipedia, the free encyclopedia
Caligula er ein kontroversiell italiensk/USA-amerikansk spelefilm frå 1979, regissert av italienaren Tinto Brass. Caligula handlar om den romerske keisaren med same namn og korleis karrieren hans stig oppover for så å styrta i grus. Caligula var den fyrste filmen som brukte kjende skodespelarar og samtidig pornografiske scener, og er framleis bannlyst i fleire land. I hovudrollene speler Malcolm McDowell, Teresa Ann Savoy, Helen Mirren, Peter O'Toole og John Gielgud.
Regi | Tinto Brass, Bob Guccione | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Bob Guccione, Franco Rossellini | ||
Manus | Gore Vidal, Masolino D'Amico, Bob Guccione, Malcolm McDowell, Tinto Brass | ||
Medverkande | Malcolm McDowell, John Gielgud, Peter O'Toole, Helen Mirren, Teresa Ann Savoy, Giancarlo Badessi, Adriana Asti, Leopoldo Trieste, Paolo Bonacelli, John Steiner, Mirella D'Angelo, Osiride Pevarello, Donato Placido, Guido Mannari, Maria Cumani Quasimodo, Pino Ammendola, Patrick Allen, Rick Parets, Anneka Di Lorenzo, Eolo Capritti, John Stacy, Eduardo Bergara Leumann | ||
Klipp | Nino Baragli | ||
Musikk | Bruno Nicolai, Aram Khatsjaturjan, Sergej Prokofjev | ||
Sjeffotograf | Silvano Ippoliti | ||
Produksjonsselskap | Penthouse | ||
Distributør | Netflix | ||
Utgjevingsdato | 1979, 25. april 1980 (Tyskland)[1] | ||
Lengd | 156 minutt | ||
Opphavsland | Storbritannia, USA, Italia | ||
Språk | engelsk, italiensk | ||
Budsjett | 22 000 000 US-dollar | ||
Inntening | 23 438 120 US-dollar | ||
Sjanger | exploitation film, pornografisk film, Erotiske filmar, biografisk film, dramafilm, LHBT-tematisk film |
Caligula (McDowell) skal ta over den romerske trona etter den halvgalne, syfilissjuke keisar Tiberius (O'Toole) som bur på øya Capri. Han får beskjed om å melda seg på øya, og vil helst ikkje dra, men systera Drusilla (Savoy) overtyder han likevel.
Etter at ein nær ven av keisar Tiberius tek livet sitt, får keisaren slag. Dermed prøver Caligula og hjelparen Macro å framskunda keisarskiftet. Dei snik seg inn i soverommet til Tiberius for at Caligula skal ta livet av han, men det blir Macro som til slutt må gjera ugjerninga.
Som keisar gjer Caligula systera Drusilla til sin like, og vil gifta seg med henne, men ho nektar. Han ligg med kvinna Caesonia (Helen Mirren), men då det blir klårt at ho er gravid med hans barn, blir Caligula alvorleg sjuk. Drusilla pleier han til han kjem til krefter att. Nett då føder Caesonia ein arving til han; eit jentebarn som han kallar Julia Drusilla. Caligula bestemmer seg no for å gifta seg med Caesonia. Under bryllaupsfesten kollapsar Drusilla av same sjukdommen som han sjølv hadde, og Caligula må sjå henne døy. Caligula sørgjer på grensa til galenskap, fell i djup depresjon og sit ei stund i fengsel før han proklamerer seg sjølv som gud og går til ei rekkje absurde åtak på senatorane fordi han hatar dei. Filmen endar i djup tragedie for Caligula og hans nærmaste.
Filmen inneheld musikk av Sergej Prokofjev, Aram Khatsjaturjan og Bruno Nicolai.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.