![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/24/Oldtidens_Israel_%2526_Judea.svg/langnn-640px-Oldtidens_Israel_%2526_Judea.svg.png&w=640&q=50)
Filistrar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Filistrar (hebraisk פְלִשְׁתִּים, p'lishtim) var eit folk som i Midtaustens jernalder budde ved Middelhavet på sørkysten av Kanaan. I seinare tider har dette området blitt omtalt som Filistia. Det kan samanliknast med den moderne Gazastripa.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/24/Oldtidens_Israel_%26_Judea.svg/640px-Oldtidens_Israel_%26_Judea.svg.png)
Opphavet til filistrane har blitt debattert av forskarar. Det er ikkje nok informasjon om det opphavlege språket deira til å relatera det til noko anna språk. Bibelen og relatert tradisjon har differensiert dei opphavlege filistrane i tida til Abraham som blei kalla for avvittarar og seinare blei erobra av kaftorane som erstatta dei. Det er teoretisert at dei seinare filistrane hadde opphav frå «havfolka» som er like mystiske i opphav.
Moderne arkeologi har òg antyda eit tidleg kulturelt samband med mykensk kultur i Oldtids-Hellas.[1]
Sjølv om filistrane tok til seg den lokale kanaanittiske kulturen og språket før dei etterlét nokon skriven tekst (og seinare gjekk over til arameisk), har eit indoeuropeisk opphav blitt foreslått for dei handfull av kjende filistiske orda som har overlevd som lånord i hebraisk.