From Wikipedia, the free encyclopedia
Fano er ein by i provinsen Pesaro og Urbino i regionen Marche i Italia. Han er ein ferieby med om lag 60 000 innbyggjarar og ligg ved Adriahavet, 12 km søraust for Pesaro. Han er den tredje største byen i regionen etter Ancona og Pesaro.
Fano | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Marche | ||
Provins | Pesaro og Urbino | ||
Areal | 121,84 km² | ||
Folketal | 59 785 (1. januar 2023) | ||
Borgarmeister | Stefano Aguzzi | ||
Postnummer | 61032 | ||
Retningsnummer | 0721 | ||
Fano 43.8425°N 13.013611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Fano | |||
Byen vart i antikken kalla Fanum Fortunae etter tempelet til Fortuna som låg her. Han vart først nemnd i skriftlege kjelder i 49 fvt. då Julius Cæsar hadde byen, i tillegg til Pisaurum og Ancona. Cæsar Augustus oppretta ein koloni og bygde ein bymur, som det framleis finst restar av. I år 2 evt. bygde Augustus òg ein boge (som framleis står) ved inngangen til byen.
Fano vart øydelagd av Vitiges sine austgotarar i 538 og vart bygd opp att av austromarane. Han vart då hovudstad i bygruppa Pentapolis («Fem byar») som òg inkluderte Rimini, Pesaro, Senigallia og Ancona. I 754 vart han gjeven bort til Kyrkjestaten av dei frankiske kongane.
Malatesta-familien vart herrar i byen i 1356 med Galeotto I Malatesta, som formelt var ein statthaldar for paveane. Mellom anna budde Pandolfo III i byen. Under sonen hans, den kjende condottiero Sigismondo Pandolfo Malatesta vart Fano omleira av paven sine troppar under Federico III da Montefeltro og kom tilkbake til Kyrkjestaten. Han vart seinare ein del av den kortvarige staten Cesare Borgia, og så ein del av hertugdømet til Della Rovere-familien i Marche.
Under napoleonskrigane vart byen hardt råka. Han hadde ei aktiv rolle i Risorgimento. Under den første verdskrigen vart byen fleire gonger bombardert av den austerriksk-ungarske marinen. Under den andre verdskrigen vart han kraftig bombardert av dei allierte på grunn av dei strategiske jerbane- og vegbruene som kryssa elva Metauro.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.