From Wikipedia, the free encyclopedia
Metauro (latin Metaurus eller Mataurus) er ei elv i Italia. Ho har sitt utspring i Appenninane og har ei lengd på 109 km. Ho munnar ut i Adriahavet sør for Fano.
Metauro | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 109 km | ||
Kjelde | Appenninane | ||
Munning | Adriahavet | ||
Metauro 43.828611111111°N 13.054722222222°E | |||
Wikimedia Commons: Metauro | |||
I antikken vart det utkjempa to slag ved breidda av Metauro.
Det første skjedde i 207 f.Kr. då Hasdrubal Barca, medan han marsjerte for å hjelpe Hannibal, vart slakta ned av ein romersk hær leia av konsulane Marcus Livius Salinator og Gaius Claudius Nero. Slaget ved Metaurus var eit avgjerande slag i den andre punarkrigen. Den eksakte staden til slaget er usikkert, men vanlegvis vert det plassert mellom Fossombrone og Furlopasset, men det skjedde truleg nærare kysten av Adriahavet.
Det andre slaget fann stad nær elva i 271 då den romerske keisaren Aurelian slo tilbake alemannarane som hadde invadert nordlege delar av Italia året før.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.