Augustus (23. september -63–19. august 14) var keisar av Romarriket frå år 30 fvt til år 14. Han vert rekna som den fyrste romerske keisaren og grunnleggjar av prinsipatet.[1][2] Som keisar vart han kalla Imperator Caesar Augustus (Latin IMP·CAESAR·DIVI·F·AVGVSTVS).
- For tittelen, sjå augustus og augusta.
Augustus | |||
| |||
Fødd | 23. september 63 f.Kr. | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Roma | ||
Død | 19. august 14 | ||
Dødsstad | Nola | ||
Gravstad | Augustus' mausoleum | ||
Gift med | Claudia, Scribonia, Livia Drusilla | ||
Dynasti | Julo-claudiske dynasti, Julii Caesares, Octavii Rufi | ||
Far | Gaius Octavius, Julius Cæsar | ||
Mor | Azia maggiore | ||
Born | Julia the Elder, Gaius Cæsar, Lucius Cæsar, Tiberius av Romarriket, Marcus Postumus |
Augustus vart oppfostra av onkelen sin, Gaius Julius Cæsar. Etter at Cæsar vart myrda i år 44 fvt utkjempa Augustus ein i borgarkrig med Marcus Antonius og kjempa mot Kleopatra av Egypt.
Fødenamnet til Augustus var Gaius Octavius. Namnet vart endra til Gaius Caesar Octavianus («den octavianske cæsar»), etter at Cæsar adopterte han straks før Cæsar vart myrda.
I Nytestamentet i Bibelen vert det skildra korleis keisar Augustus gjev ordre om at heile verda (dvs. heile Romarriket) skal skrivast inn i manntal. Manntalet vart utført kring år 4 fvt, då Jesus vart fødd.
Augustus døydde 76 år gamal og vart etterfylgd av Tiberius Julius Caesar (som keisar omtala som Tiberius).
Månaden august er oppkalla etter Augustus.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.