Evrytanía
From Wikipedia, the free encyclopedia
Periferieininga Evrytanía (gresk Περιφερειακή ενότητα Ευρυτανίας, Periferiakí enótita Evrytanías) er ei periferieining i Hellas. Ho er ein del av periferien Sentral-Hellas og hovudstaden i periferieininga er Karpenísi.[2] Periferieininga vart oppretta som eit prefektur i 1947 ut av Etoloakarnanía. Ho består nesten berre av fjell, inkludert Tymfristós og Panetolikó i sør. Av elvar finn ein mellom anna Akhelóos i vest og Agrafiótis og Mégdovas i aust, som renn ut i Det joniske havet. Periferieininga er eit av dei minst folkesette i Hellas og ei av få periferieiningar som berre nyttar eitt retningsnummer. Evrytanía grensar til Etoloakarnanía i vest, sørvest og i sør (vest for Akhelóos), Kardítsa i nord og Fthiótida i aust. Evrytanía har eit stort skisenter nær Karpenísi i Tymfristósfjella.
Periferieininga Evrytanía Περιφερειακή ενότητα Ευρυτανίας | |
---|---|
![]() | |
Periferi | Sentral-Hellas |
Hovudstad | Karpenísi |
Folketal | 17 428 (2021[1]) |
Areal | 1 869 km² Rangering 35. |
Folketettleik | 9/km² |
Kommunar | 2 |
Postnummer | 36x xx |
Retningsnummer | 22370 |
Bilnummer | KH |
Heimeside | www.evrytania.gr |