From Wikipedia, the free encyclopedia
«Everywhere» er ein singel av det britisk-amerikanske rockebandet Fleetwood Mac frå albumet Tango in the Night, skriven av Christine McVie som òg syng solovokal på songen.
Everywhere Singel av Fleetwood Mac frå albumet Tango in the Night | ||
B-side |
«When I See You Again» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. november 1987 (USA) 24. februar 1988 (UK) | |
Innspelt | 1985-1987 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 3:41 (album) 5:40 (extended) | |
Selskap | Warner Bros. | |
Tekstforfattar | Christine McVie | |
Låtskrivar(ar) | Christine McVie | |
Produsent | ||
Britiske singlar-kronologi | ||
«Family Man» (1987) |
Everywhere | «Isn't It Midnight» (1988) |
Amerikanske singlar-kronologi | ||
«Little Lies» (1987) |
Everywhere | «Family Man» (1988)
|
«Everywhere» vart gjeven ut på singel i Storbritannia den 24. februar 1988 og nådde fjerdeplassen der. I USA vart han gjeve ut tidlegare, den 28. november 1987 og nådde 14. plassen på Billboard Hot 100-lista og førsteplassen av adult contemporary-lista, der han låg i tre veker.[1] Singelen nådde òg 45. plassen i Australia.
Etter at songen vart nytta i ein reklame for det britiske mobilselskapet 3,[2] gjekk songen inn att på UK Singles Chart og nådde då 15. plassen i mars 2013. Som følgje av denne nye suskessen, vart songen med på samleplata Now That's What I Call Music! 84 i mars 2013[3] i tillegg til samlealbumet The Hits Album 8 i juli 1988. Singelen har seld til sølvplate i Storbritannia for digitale sal i overkant av 200 000.
Ein 12-tommars singel vart òg gjeven ut med ein lengre dance-versjon og ein dub-versjon. «Everywhere» var òg den første singelen til bandet som vart gjeven ut på CD. Alle formata inneheldt B-sida «When I See You Again», frå albumet Tango in the Night. 12"-formatet inneheld ein lengre miks av «Everywhere» og CD-singelen inneheld bonusspora «Rhiannon» og «Say You Love Me» frå albumet Fleetwood Mac frå 1975.
Videoen til songen er ei framsyning av diktet The Highwayman av Alfred Noyes. Det finst to versjonar av videoen, ein med soga i blanda klipp av bandmedlemmane, og eit utan klipp av bandmedlemmane.
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.