Erik Solheim
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Erik Solheim (fødd 18. januar 1955 i Oslo) er ein norsk diplomat og tidlegare politikar for SV. Han er leiar for miljøprogrammet til SN og assisterande generalsekretær i SN frå 2016.[1]
Erik Solheim | |||
| |||
Fødd | 18. januar 1955 (69 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne (august 2019) | ||
Yrke | politikar, diplomat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Oslo katedralskole | ||
Alle verv |
|
Solheim er utdanna cand.mag. med faga historie og sosiologi.
Solheim har vore valobservatør i Russland, Georgia, Kviterussland og Ukraina. I tillegg til engasjement for fred og konfliktløysing har Solheim alltid vore svært oppteken av miljøspørsmål, og han var mellom anna med på SN sin miljøkonferanse i Rio i 1992. I utviklingspolitikken har han, i tillegg til fred og miljø, vore oppteken av kvinner og likestilling, samt olje- og energispørsmål.
Solheim var leiar i Sosialistisk Ungdom i åra 1977–1980, partisekretær i SV frå 1981 til 1985, og leiar for SV i perioden mellom 1987 og 1997. Han var stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag i perioden 1989–1993, og frå Oslo i perioden 1993–2001. Den personlege rådgjevaren til Solheim då han var SV-leiar og stortingsrepresentant var i fleire år Thor Gjermund Eriksen, som seinare vart redaktør i Dagbladet. Som SV-leiar etterfølgde han Theo Koritzinsky, og vart sjølv etterfølgd av Kristin Halvorsen.
Frå våren 2000 hadde han permisjon frå Stortinget for å vere spesialrådgjevar for det norske Utanriksdepartementet på Sri Lanka. Målet var å arbeide fram ein fredsavtale mellom styresmaktene i landet og LTTE. Vararepresentanten hans i utanrikskomitéen på Stortinget var i denne perioden Lisbet Rugtvedt.
Den 17. oktober 2005 vart han utnemnd til statsråd i Regjeringa Stoltenberg II med ansvar for utviklingssaker (utviklingsminister). Hausten 2007 fekk han òg ansvaret for Miljøverndepartementet. Han gjekk av som minister i 2012.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.