Kristin Halvorsen
norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Kristin Halvorsen (fødd 2. september 1960) er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti. Ho er også partileiar i partiet og kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II. Då Audun Lysbakken trekte seg frå stillinga som barneminister 5. mars 2012,[1] tok Halvorsen midlertidig over stillinga hans.[2]
Kristin Halvorsen | |||
![]() Kristin Halvorsen vert gratulert som Finansminister på Løvebakken, 17. oktober 2005 Foto: Eivind på Wikimedia Commons | |||
Fødd | 2. september 1960 (64 år) Horten | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar, styreleiar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Charlo Halvorsen | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
Bakgrunn
Kristin Halvorsen vart fødd i Horten (no Borre) i Vestfold. Ho har universitetsfaga sosialpedagogikk og kriminologi (høvesvis 1,5 og 1 år, ikkje fullført nokon grad), og har arbeidd som sekretær i eit advokatfirma. Det er den einaste jobben ho har hatt utanom politikken.[3] Ho har hatt mange tillitsverv i Sosialistisk Ungdom og SV. Halvorsen er gift med NRK-tilsette Charlo Halvorsen.
Politisk karriere
Halvorsen har vore stortingsrepresentant sidan 1989, og representerer Oslo. Ho var medlem i Utanrikskomiteen frå 1989 til 2005. Ho har også vore med i Den utvida utanrikskomiteen, Valkomiteen og Stortinget sin delegasjon for samband med EU-parlamentet. I tillegg var ho gruppeleiar for SV si stortingsgruppe frå 1997 til 2005.
Ho var finansminister i regjeringa Stoltenberg II frå 17. oktober 2005. Ho blei med dette den første kvinnelege finansministeren i Noreg, og den første finansministeren frå eit parti til venstre for Arbeidarpartiet. Den 20. oktober 2009 gjekk ho av som finansminister, og tok i staden over som statsråd og leiar for Kunnskapsdepartementet.
Prisar og utmerkingar
I 2002 fekk Halvorsen Kommunikasjonsprisen 2002 frå Norsk Kommunikasjonsforening. Ho var den første norske partileiaren som hadde ein blogg. I 2004 gav ho ut boka Rett fra hjertet på Gyldendal forlag (Kristin Halvorsen i samtale med Ingolf Håkon Teigene).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.