From Wikipedia, the free encyclopedia
Epsomitt, òg kalla epsomsalt, engelsk salt eller bittersalt, er eit fargelaust til kvitt mineral som består av vasshaldig magnesiumsulfat, MgSO4·7H2O. Det krystalliserer rombisk. Mineralet er lett løyseleg i vatn.[4] I tørr luft kan det miste éit molekyl krystallvatn og gå over til heksahydritt. Det finst naturleg som utblomstringar (efflorescensar), i avsetninger frå mineralkjelder og ved fumaroleaktivitet, og dessutan i saltførekomstar. Saltet vart første gongen framstelt i England av N. Grew i 1695 av mineralvatn frå kjeldene i Epsom, og mineralet har fått namn etter denne staden. Saltet vart tidlegare brukt som avføringsmiddel, ved etterbehandling av tekstil (appretur), i gjødsel, badesalt og meir.
Epsomitt | |||
Epsomittformasjon i ei grotte i New Mexico. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Sulfatmineral | ||
Kjemisk formel | MgSO4·7H2O | ||
Strunz-klassifisering | 07.CB.40 | ||
Dana-klassifisering | 29.6.11.1 | ||
Krystallsymmetri | Ortorombisk disfenoidal H-M-symbol (2 2 2) Romgruppe: P 212121 | ||
Einingscelle | a = 11,86 Å, b = 11,99 Å, c = 6,858 Å; Z=4 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kvit, grå, fargelaus, eller rosa, grønaktig | ||
Krystallform | Nåleforma til trådaktig skorper | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Tvilling | Sjeldan observert på {110} | ||
Kløyv | {010} perfekt {101} tydeleg | ||
Brot | Muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 2 | ||
Glans | glasaktig, silkeaktig når trådaktig | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 1,67–1,68 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1,433 nβ = 1,455 nγ = 1,461 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0,028 | ||
2V-vinkel | Målt: 52° | ||
Oppløyselegheit | i vatn | ||
Endrar seg til | Dehydrerer i tørr luft | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.