![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5e/Fotothek_df_roe-neg_0006305_008_Emil_Z%25C3%25A1topek.jpg/640px-Fotothek_df_roe-neg_0006305_008_Emil_Z%25C3%25A1topek.jpg&w=640&q=50)
Emil Zátopek
From Wikipedia, the free encyclopedia
Emil Zátopek (fødd 19. september 1922 i Kopřivnice, død 22. november 2000 i Praha) var ein tsjekkisk friidrettsutøvar (langdistanseløpar) som representerte Tsjekkoslovakia. I 1954 vart han den første som sprang 10 000 meter under 29 minutt.
Emil Zátopek | |
Statsborgarskap | Tsjekkoslovakia, Tsjekkia |
Fødd | 19. september 1922 Kopřivnice |
Død |
21. november 2000 (78 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje, Pierre de Coubertin-medaljen, æresborger av Třebíč, Jiří Guth-Jarkovský prize, Honorary citizenship of Kopřivnice, Æresborgerskap i byen Lázně Toušeň, Æresborgerskap i byen Brandýs nad Labem-Stará Boleslav, Pierre de Coubertin-medaljen |
Zátopek vann 10 000 meter under OL 1948 i London, og fekk sølv på 5000 meter.
Dei neste åra sette han fleire verdsrekordar på distansar frå 5000 meter opp til 30 km. Den største sesongen hadde Zátopek i 1952, då han vann tre gull i Helsingfors-OL, på 5000 meter, 10 000 meter og i maraton.
Etter 1968 engasjerte han seg i demokratiseringsrørsla, men vart deretter straffa og måtte arbeide i ei urangruve.
Han var gift med Dana Zátopková, òg ein kjend tsjekkisk sportsutøvar, deltakar ved OL 1948.