From Wikipedia, the free encyclopedia
Dana Zátopková (19. september 1922–13. mars 2020), opphavleg Dana Ingrová, var ein tsjekkisk spydkastar frå Karviná-Fryštát som tevla for Tsjekkoslovakia. Ho vart olympisk meister i spydkast i 1952 og europameister både i 1954 og 1958. Zátopková sin personlege rekord i spydkasting er på 56,67 m.
Dana Zátopková | |
Statsborgarskap | Tsjekkia, Tsjekkoslovakia |
Fødd | 19. september 1922 Fryštát, Buchlovice, Karviná |
Død | 13. mars 2020 (97 år) Central Military Hospital Prague, Praha |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1960 Summer Olympics – women's javelin throw, athletics at the 1956 Summer Olympics – women's javelin throw, Friidrett under Sommer-OL 1952 – Spydkast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 1948 – Spydkast kvinner |
Utmerkingar | Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje, æresborger av Praha, honorary citizen of Kopřivnice, honorary citizen of Uherské Hradiště, Æresborgerskap i byen Lázně Toušeň, Silver Olympic Order, æresborgerskap |
Ingrová vart nummer sju i spydkastøvinga i London-OL 1948. Same hausten gifta ho seg med langdistanseløparen Emil Zátopek. Etter å ha vorte nummer fem ved EM 1950 vann Zátopková gullmedaljen i spydkasttevlinga under Sommar-OL 1952 i Helsinki. Med eit kast på 50,47 meter kopierte ho ektemaken Emil Zátopek som ein time i førevegen hadde vunne 5 000-meteren. To år etter Helsinki-OL vann ho nok ein gullmedalje i spydkast då friidretts-EM 1954 fann stad i Bern.
Den 1. juli 1958 forbetra Zátopková i Praha verdsrekorden med eit kast på 55,73 meter, 25 centimeter over den gamle rekorden. Vel sju veker seinare forbetra polske Anna Pazera verdsrekorden til 57,40 m. I august månad var likevel Zátopková i ei klasse for seg med sine 56,02 m då ho forsvarte EM-tittelen på Stockholm stadion. Ho avslutta medaljehaustinga med ein sølvmedalje under sommarleikane 1960 i Roma, slått med over to meter av Elvīra Ozoliņa frå Sovjetunionen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.