norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Elisabeth Aspaker (fødd 16. oktober 1962 i Harstad) er ein norsk politikar for Høgre. Frå 2019 er ho fylkesmann i Troms og Finnmark, med tittelen statsforvaltar frå 2021.[1]
Elisabeth Aspaker | |||
| |||
Fødd | 16. oktober 1962 (62 år) Harstad kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | Lærar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Verv | Norsk EØS- og EU-minister 16. desember 2015–20. desember 2016 | ||
Føregangar | Vidar Helgesen | ||
Etterfylgjar | Frank Bakke-Jensen | ||
Verv | Norsk fiskeriminister 16. oktober 2013–16. desember 2015 | ||
Føregangar | Lisbeth Berg-Hansen | ||
Etterfylgjar | Per Sandberg | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1. oktober 2005– | ||
Verv | Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet 18. juni 2004–30. september 2005 | ||
Alle verv |
|
Ho var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 16. oktober 2013 til 16. desember 2015 og EØS- og EU-minister i same regjering frå 16. desember 2015 til 20. desember 2016.
Ho vart vald inn på Stortinget frå Troms i 2005, og ho var vararepresentant i perioden 1993 til 2001.
Aspaker var personleg sekretær for Else Bugge Fougner i Justis- og politidepartementet frå 20. oktober 1989 til 3. november 1990. Ho var politisk rådgjevar for Kristin Clemet i Utdannings- og forskningsdepartementet frå 30. oktober 2001 til 18. juni 2004. Ho var statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet frå 18. juni 2004 til 30. september 2005.
Aspaker var fylkesvaraordførar i Troms frå 1995 til 1999. Ho har vore visepresident i Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.