![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/6c/Ein_Hod_house.jpg/640px-Ein_Hod_house.jpg&w=640&q=50)
Ein Hod
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein Hod (hebraisk skrift עֵין הוֹד) er ein fellesbusetnad nord i Israel. Han ligg sør for Karmelberget og søraust for Haifa nord i Israel og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 559.
Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Ein Hod | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Hof HaCarmel | ||
Koordinatar | 32°42′5.25″N 34°58′48.03″E | ||
Folketal | 559 (2008)[1] | ||
![]() Ein Hod 32.701458333333°N 34.980008333333°E / 32.701458333333; 34.980008333333 | |||
Wikimedia Commons: Ein Hod | |||
Lukk
Landsbyen ligg i ei åsside mellom olivenlundar, med utsyn over Middelhavet og ei krossfararborg frå 1100-talet. Før den arabisk-israelske krigen i 1948 låg den palestinske landsbyen Ein Hawd der Ein Hod no ligg. Dei fleste arabiske innbyggjarar vart forflytta som følgje av krigen, men somme vart verande att og slo seg ned i nærleiken, og danna ein ny landsby, som òg heiter Ein Hawd. Etter eit mislukka forsøk på å starte ein moshav på staden vart Ein Hod ein kunstnarkoloni i 1953.