![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c2/Michmanim.jpg/640px-Michmanim.jpg&w=640&q=50)
Fellesbusetnad i Israel
Fellesbusetnad i Israel og på den okkuperte Palestinske Vestbreidda / From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein fellesbusetnad (hebraisk יישוב קהילתי, Yishuv Kehilati) er ein type by i Israel. Medan kven som helst kan kjøpe ein eigedom i ein vanleg by, kan innbyggjarane i ein fellesbusetnad, som er organisert i eit samvirkelag, legge ned veto mot sal av eit hus eller eit føretak til ein kjøpar dei ikkje ynskjer.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c2/Michmanim.jpg/640px-Michmanim.jpg)
Med denne utvelgingsprosessen, kan innbyggjarane i fellesbusetnaden dele ein særskild ideologi, religiøs retning eller levestil, som dei berre ønsker å dele med folk som tenkjer på same vis. Til dømes kan familieretta fellesbusetnader som ønsker å unngå at det skal bli for mange pensjonistar i busetnaden, berre akseptere unge par som nye innbyggjarar.
I 2013 hadde Israel 118 busetnader med eit totalet innbyggjartal på kring 84 800.[1]