![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5b/Nose_Ornament_MET_AOA46.jpg/640px-Nose_Ornament_MET_AOA46.jpg&w=640&q=50)
Edderkoppar i kulturen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Edderkoppar i kulturen viser til ei rekkje måtar edderkoppar og spindelvev er blitt skildra og handsama innan folkekultur, mytologi og symbolisme gjennom historia. Frå gresk mytologi til afrikansk folklore har edderkoppar vore nytta til å representera fleire ulike ting, og held fram til i moderne litteratur og populærkultur, med figurar som Shelob frå The Lord of the Rings og Spider-Man frå teikneseriar og filmar med same namn.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c7/Nikolas_Gysis_The_Spider.jpg/640px-Nikolas_Gysis_The_Spider.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5b/Nose_Ornament_MET_AOA46.jpg/640px-Nose_Ornament_MET_AOA46.jpg)
Edderkoppar har vore fokus for frykt, soger og mytologiar i ulike kulturar i hundrevis av år.[1] Dei kan vera eit symbol på ugagn og vondskap, knytt til gifta og den sakte døden ho kan gje, noko som ofte blir sett på som ei forbanning.[2] Edderkoppen har også symbolisert tolmod og uthald på grunn av jaktteknikken sin der han lagar nett og ventar på at byttet skal bli fanga. Mange kulturar legg også vekt på evna hans til å laga nett, og knyter han til spinning, veving, korgmaking, knutearbeid og nettmaking. Dyra kan knytast til skapingsmytar fordi dei kan laga sine eigne verder i form av vevane sine.[3] Filosofar har ofte nytta spindelvev som ein metafor eller analogi, og moderne omgrep som «Internett» eller «Verdsveven» er avleidde av spindelvev.[4]
Mange gudinner knytte til edderkoppar og andre kvinnelege avbildingar speglar dominansen til hodyr i paringa deira.[5][6]