Nikolaos Gyzis (1. mars 18424. januar 1901) var ein gresk kunstmålar. Han var ein viktig representant for München-skulen, den viktigaste greske kusntrørsla på 1800-talet som stod for akademisk realisme.

Kjappe fakta
Nikolaos Gyzis
Thumb
FødenamnΝικόλαος Γύζης
StatsborgarskapHellas
Fødd1. mars 1842
Tínos
Død

4. januar 1901 (58 år)
München

Yrkekunstmålar, universitetslærar, lærar, biletkunstnar, kunstlærar
BornTilemachos Gizis
Nikolaos Gyzis på Commons
Lukk

Liv og virke

Gyzis var fødd på øya Tínos, som har ei lang kunstnarisk historie. Familien flytta til Aten i 1850, og Gyzis byrja snart ved kunsthøgskulen i Aten. Ved hjelp av eit stipend drog han til Akademie der Bildenden Künste München i 1865, der han kom til å bli verande livet ut. Frå 1886 var han professor der. Blant elevane hans var John Macody Lund, Jan Vochoc, Ernst Oppler, Fritz Osswald, Anna May-Rychter[1] og den rumenske målaren Stefan Popescu.

Etter å fyrst ha laga detaljerte realistiske avbildingar av historiske motiv, fekk verka hans etterkvart ein sterk impresjonistisk karakter. På byrjinga av 1870-talet vendte han tilbake til Hellas og var der i fleire år. Etter dette laga han ei rekkje måleri med sterkare greske motiv, som Karneval i Aten og Arravoniasmata (‘trulovingsseremoni’) og litt seinare Etter øydelegginga av Psara. Mot enden av livet sitt, på 1890-talet, vende han seg mot meir religiøse tema.Det best kjende verket frå denne perioden er Triumfen til religionen.[2]

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.