EM i friidrett 1969
From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i friidrett 1969 vart avvikla på Stádio Jórgos Karaïskákis i Athen i tida 16. – 21. september 1969. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn, og 14 for kvinner.
Under meisterskapen vart det sett seks verdsrekordar. Anatolij Bondartsjuk frå Sovjetunionen nådde 74,68 meter i sleggjekast, Nicole Duclos frå Frankrike fekk notert 51,72 sekundar på 400 m og Jaroslava Jehličková frå Tsjekkoslovakia sprang 1500 meter på 4.10,7. Nadesjda Tsjisjova frå Sovjetunionen fekk opp eit kulestøyt på 20,43 m. Det vesttyske kvinnelaget på 4x400 m stafett sette ny rekord med 3.33,9 i kvalifiseringsrunde, dagen etter vann Storbritannias lag gullmedaljar på tida 3.30,8, Frankrikes lag fekk same tida, men vart dømt etter i mål.
Norske Berit Berthelsen vann bronsemedaljen i lengdehopp med 6,44 meter. Landsmennene Arne Risa kom på sjetteplass på 3000 m hinder, medan Kjellfred Weum vart nummer sju på korthekken.