From Wikipedia, the free encyclopedia
Jaroslava Jehličková (fødd 24. mars 1942) er ein tsjekkisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Hořice som representerte Tsjekkoslovakia. Ho vart den aller fyrste internasjonale meisteren på 1500 meter då ho i 1969 vann gullmedaljen under europameisterskapen i friidrett på verdsrekordtida 4.10,7.
Jehličková vart tsjekkoslovakisk meister på 800 meter i 1966 og på ny i 1968. Ho deltok på distansen ved Sommar-OL i Mexico-byen, der utslått i semifinalen. I 1969 kom 1500 meter på tevlings-programmet for kvinner for fyrste gong i internasjonale meisterskap. Jehličková vart den fyrste nasjonale meisteren på 1500 m, i ein meisterskap ho vann 800 meter for tredje gong. Til europameisterskapen i Aten kom ho med ein personbeste på 1500 m på 4.20,2. EM-finalen gjekk i stor fart med favorittane Paola Pigni frå Italia og Maria Gommers frå Nederland i tet då klokka ringde. På den siste runda tok Jehličková seg forbi fleire løparar og sprang fyrst i mål på ny verdsrekord 4.10,7.
Jehličková tevla ikkje i 1970-sesongen. I 1971 kopierte ho dobbeltsigeren på 800 og 1500 meter i den tsjekkoslovakiske meisterskapen. Ho kvalifiserte seg til 1500-finalen ved EM i Helsinki der ho enda på sjuandeplass, i ei tevling Karin Burneleit frå Aust-Tyskland forbetra Jehličková sin verdsrekord med over eit sekund. OL-sesongen 1972 tok Jehličková sin sjuande nasjonale meistertittel då ho sigra på 1500 m. Same sesongen forbetra ho sitt personbeste på 800 m til 2.04,7. Under dei olympiske sommarleikane i München gjorde ho unna sin aller raskaste 1500 m på tida 4.08,3 i forsøket. I semifinalen gav ho opp og vart sist i feltet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.