Kjellfred Weum
norsk friidrettsutøvar og politikar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Kjellfred Weum (30. juli 1940–7. august 2017) frå Hafslo i Luster var ein norsk friidrettsutøvar som spesialiserte seg på hekkeløp. Han vart noregsmeister i 110 meter hekk åtte år på rad, 1963-70, og nummer sju i øvinga under europameisterskapen 1969. Weum, som deltok i 43 landskampar, var medlem av Drammensklubben IF Hellas til 1964, og seinare av IL i BUL frå Oslo.
Kjappe fakta
Kjellfred Weum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. juli 1940 Hafslo, Luster kommune |
Død | |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Lukk
Weum arbeidde som politimann og var lensmann i Leikanger i 1979 og i Sogndal 1989-97. Han var politisk aktiv i Senterpartiet og var varaordførar i Luster frå 2003 til -07.