EM i friidrett 1954
From Wikipedia, the free encyclopedia
Europameisterskapen i friidrett 1954 vart avvikla på Stade de Suisse i Bern 25. – 29. august 1954. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn, og elleve øvingar for kvinner.
Norske Sverre Strandli vann sølvmedaljen i sleggjekast, medan landsmennene Audun Boysen og Ernst Larsen fekk kvar sin bronsemdalje for prestasjonane på høvesvis 800 meter og 3000 meter hinder. Ingen andre nordmenn kom mellom dei seks beste i andre øvingar.