From Wikipedia, the free encyclopedia
Sverre Strandli (30. september 1925–4. mars 1985) var ein norsk friidrettsutøvar, europameister i sleggekast i 1950, og som fekk EM-sølv i 1954. Hans hovudøving var sleggekast, mellom norske konkurrentar kunne han også hevde seg i kulestøyt. Han var 186 cm høg, og hadde ei tevlingsvekt på kring 93 kg.
Sverre Strandli | |
Sverre Strandli i landskamp mot DDR i 1955 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. september 1925 Brandval |
Død |
4. mars 1985 (59 år) |
Yrke | sleggekaster, lærar |
Høgd | 186 centimeter |
Sverre Strandli på Commons |
Strandli var frå Brandval i Hedmark, og var medlem av idrettslaget i heimbygda fram til 1951. Sesongane 1952 og –53 var han medlem av oslolaget Torshaug. Frå 1954 representerte han Sarpsborg Idrettslag.
Strandli markerte seg første gong i 1948-sesongen, då han vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen. Året etter kasta han 50,82 m og forbetra den 21 år gamle noregsrekorden, ein rekord som han i løpet av året flytta til 56,02 m. Han vart noregsmeister i sleggekast seks år etter ein annan (1949-54), på ny 1956 og -57 og 1960-62. Han vart vist til sølvplass i 1959, -64 og –66. Si einaste bronsemedalje vann han under noregsmeisterskapen i 1968, 20 år etter han fekk si første NM-medalje. Til saman vann han 11 gull, 4 sølv og 1 bronse under NM i slegge. I tillegg vart han noregsmeister i kulestøyt i 1954, hans einaste medalje i den greina. Seks gonger vart han tildelt kongepokalen; 1950-53, 1956 og 1962.
Strandlis aller lengste sleggekast kom i oktober 1962 i Trondheim, då han sette noregsrekord for tjuande gongen med eit kast på 63,88 meter.
Med eit kast på 55,71 m vann Strandli gullmedaljen i EM i friidrett 1950 i Brussel, nær meteren lengre enn sølvmedaljevinnarens bestekast. Ved neste EM i friidrett 1954 fekk han sølvmedalje etter eit bestekast på 61,07 m, sovjetrussaren Mikhail Krivonosov vart europameister etter å ha sett verdsrekord (63,34 m). I OL-tevlingar kom Strandli på sjuandeplass i 1952 i Helsingfors, ein åttandeplass i 1956 i Melbourne og ein ellevteplass i 1960 i Roma. Han var flaggberar for Noreg under leikane i Roma. Under EM i friidrett 1962 vart han utslegen i kvalifiseringa.
Strandli sette to verdsrekordar i sleggekast, begge på Bislett stadion. Den første rekorden var på 61,25 meter vart sett 14. september 1952 i landskamp mot Finland, og året etter (5.9.1953) kom den andre på 62,36 meter. Verdsrekorden stod fram til august 1954, då Krivonosov kasta 63,34 meter.
Strandli deltok i 54 landskampar.
EM-sigeren førte til at Strandli vart utnemnd til Årets idrettsnamn i 1950 i Noreg. For den andre verdsrekorden vart han i 1953 for andre gong kåra til Årets idrettsnamn i Noreg.
År | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | |
Lengde | ? | 56.02 | 57,68 | 58,70 | 61,25 | 62,36 | ? | ? | 62,96 | ? | ? | ? | 63.45 | ? | 63,88 | ? | 62,82 | ? | ? | ? | 58,40 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.