Bern
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bern (fransk: Berne) er hovudstaden i Sveits og den fjerde mest folkerike byen i landet (etter Zürich, Basel og Genève) med 140 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd i 1191. Elva Aare deler byen. Kommunen har 133 920 innbyggjarar (2010) og eit areal på 52 km². Kommunesenteret ligg 542 meter over havet.
Bern | |||
---|---|---|---|
Flyfoto av Gamlebyen | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Bern | ||
Distrikt | Bern-Mittelland | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Alexander Tschäppät | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
51,6 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
133 920 2 595,3 /km² | ||
Koordinatar | 46°57′0″N 7°27′0″E | ||
Høgd over havet | 542 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3000 | ||
Nettstad: www.bern.ch |
Bern er òg hovudstad for den tospråklege (tysk og fransk) kantonen Bern - den nest mest folkerike av Sveits sine 26 kantonar. Kantonen Bern har eit areal på 6049 kvadratkilometer og ca. 937 000 innbyggarar (1990).
Ifølgje segna fekk Bern namnet sett frå at grunnleggjaren av byen felte ein bjørn (tysk Bär) på staden der byen skulle bli bygd. Ein har i fleire hundreår halde bjørnar i fangenskap i Bern, og desse kan ein sjå i bjørnegrotta ved Nydeggbrücke.
Den gamle bydelen i Bern er utnemnd til eit av UNESCO sine verdsarvsområde.