Zürich
hovudstad i kantonen Zürich, Sveits / From Wikipedia, the free encyclopedia
Zürich er den største byen i Sveits og har 372 047 innbyggjarar (2010) og eit areal på 92 km². Han er hovudstad i kantonen Zürich, og er det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Zürich er ein leiande global by og eit av dei største finanssentera i verda.[1] I følgje undersøkingar frå 2006 til 2008 var Zürich den byen i verda med høgast levestandard, og den mest velståande byen i Europa.[2][3][4] Byen er eit trafikknutepunkt for vegar, jernbane og luftfart. Både lufthamna og jernbanestasjonen i byen er dei største og travlaste i landet.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Zürich | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Zürich | ||
Distrikt | Zürich | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Corine Mauch | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
91,88 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
372 047 4 049,3 /km² | ||
Koordinatar | 47°22′0″N 8°33′0″E | ||
Høgd over havet | 408 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 8000–8099 | ||
Nettstad: www.stadt-zuerich.ch |
Lukk