Die Linke
From Wikipedia, the free encyclopedia
Die Linke er eit politisk parti i Tyskland. Det byggjer på demokratisk sosialisme, og står til venstre for dei andre partia som er representerte i den tyske Forbundsdagen.
Kjappe fakta Land, Partileiar(ar) ...
Die Linke | |||
| |||
![]() | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Janine Wissler | ||
Grunnleggjarar | Oskar Lafontaine | ||
Grunnlagt | 16. juni 2007[1] | ||
Medlemstal | 54 214 (31. desember 2022)[2] | ||
Ideologi | demokratisk sosialisme, feminisme, nymarxisme, grøn ideologi, pasifisme, antifascisme ![]() | ||
Farge | raudt[3] |
Lukk
Ifølgje offisielle tal frå partiet sjølv, har Die Linke 76 139 registrerte medlemmer per 30. september 2008. Parlamentsfraksjonen til partiet har 54 medlemmer, noko som gjer Die Linke til det fjerde største i Forbundsdagen. På dei siste meiningsmålingane (2008) er partiet det tredje mest populære i Tyskland.