Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO) er den eldste institusjonen i Noreg som har tilbod om undervising i og driv forsking innan rettsvitskap. Det juridiske fakultetet er eitt av dei fire opphavlege fakulteta ved UiO, frå 1812. Fakultetet vert leia av ein dekan, ein prodekan for studiar og ein prodekan for forsking.

Thumb
Domus Media (midtbygningen). Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo har tilhald i dei gamle universitetsbygningane på Karl Johans gate i Oslo.

Bygg

Fakultetet sine aktivitetar er spreidd. Hovudbygga ligg ved Karl Johans gate; Domus Bibliotecia (vestbygningen), Domus Media (midtbygningen) og Domus Academica (Urbygningen). I Domus Media finn ein Universitetets aula, ein sal for konsertar og høgtidelege tilskipingar, vidgjeten for dei store veggmåleria (på lerret) av Edvard Munch. Namnet Urbygningen på Domus Academica skuldast eit pendelur som framleis heng i eit av vindauga ut mot Karl Johans gate, og som forfattaren Henrik Ibsen skal ha korrigert sitt eige ur etter på si daglege vandring frå heimen i Arbiens gate til Grand Café i si tid.

Einingar

  • Institutt for kriminologi og rettssosiologi (styrar: Prof. Liv Finstad)
  • Institutt for offentlig rett (styrar: Førsteamanuensis Kirsten Sandberg)
  • Institutt for privatrett (styrar: Prof. Lasse Simonsen)
  • Institutt for rettsinformatikk (styrar: Prof. Jon Bing)
  • Avdeling for forvaltningsinformatikk (styrar: Prof. Dag Wiese Schartum)
  • Nordisk institutt for sjørett
  • Norsk senter for menneskerettigheter
  • Senter for europarett
  • Seksjon for informasjonsteknologi
  • Det juridiske fakultetsbiblioteket

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.